E-bøker
Hos Tibi finn du e-bøker innan studielitteratur, skjønnlitteratur og faglitteratur. Vi produserer nye e-bøker fortløpande, slik at du stadig får tilgang til fleire titlar.

E-bøker inneheld tekst, tabellar, illustrasjonar og bilete, men ikkje lyd. I Tibi-appen kan du få teksten lesen opp med talesyntesane våre.
Dei fleste nye bøkene lagar vi både som e-bok og lydbok. Ofte blir e-boka klar før lydboka.
Tilpass e-boka til behova dine
Du kan tilpasse e-boka slik du ønskjer ved å forstørre teksten, endre skrifttype eller invertere fargar.
I Tibi-appen kan du òg justere hastigheita på opplesinga.
Eg føretrekker e-bøker framfor punktskriftbøker, fordi eg kan lese dei både på leselist og med talesyntese.
Kvinne (29), blind
Slik låner og les du e-bøker
Når du søker etter ei bok, ser du kva for medietypar boka finst i. Der kan du kan velje e-bok. E-bøker er raske å laste ned og tek liten plass.
Du kan lese e-bøkene våre med fleire ulike appar og program, mellom anna:
- Tibi‑appen (mobil, nettbrett og Mac)
- EasyReader (PC, Mac, Chromebook, mobil og nettbrett)
- Tibi nettleserbok – ein app i nettlesaren («Les nå»)
- HTML – opne boka rett i nettlesaren (Last ned HTML)
Studiebøker kan du berre lese i Tibi‑appen og EasyReader.