E-bøker

Du kan låne både studielitteratur, skjønn- og faglitteratur som e-bok hos oss. Vi har mange e-boktitlar og produserer nye e-bøker fortløpande. E-bøker kan lesast med mobil/nettbrett, PC/Mac, lesebrett og leselist.

Hender holder nettbrett med e-bok fra Tibi

E-bøker inneheld tekst, tabellar, illustrasjonar og bilde, men ikkje lyd. I Tibi-appen kan du likevel få lese opp e-bokteksten med talesyntesane våre.

Dei fleste nye bøkene blir laga både som e-bok og lydbok. E-boka blir ofte ferdig før lydboka.

Bokutval

E-bokutvalet er eit tverrsnitt av boksamlinga vår og dekker både studielitteratur, skjønn- og faglitteratur.

Tilpass til behova dine

Treng du større skrift eller vil ha teksten lese opp med talesyntese? Vel sjølv! Du gjer dine eigne tilpassingar i e-boka ved å forstørre teksten, invertere fargar eller endre font. Hugs at du òg kan justere hastigheita på opplesinga i Tibi-appen. 

Eg føretrekker e-bøker framfor punktskriftbøker, fordi eg kan lese dei både på leselist og ved hjelp av talesyntese.

Kvinne (29), blind 

Korleis låne og lese e-bøker?

E-bøker er raske å laste ned og tek liten plass. Når du søker etter bøker, får du opp kva medietypar boka finst i og kan velje den du vil ha. 

Du kan lese e-bøkene våre på fleire måtar:

  • På mobil og nettbrett med appen Tibi. Der kan du òg få teksten lese opp med talesyntese.
  • På PC, Mac og Chromebook med Tibi Nettleserbok, ein enkel, installasjonsfri og gratis lydbokavspelar frå Tibi. 
  • Med skjermlesar eller leselist.
  • Frå nettsida vår kan du lese direkte i nettlesaren, eller laste ned til ulike e-boklesarar/lesebrett. 

Hjelp til å kome i gang?

På hjelp-sidene finn du meir informasjon om korleis du låner og bruker e-bøkene våre.