Du kan abonnere på aviser og tidsskrift frå Tibi. Vi tilbyr fire dagsaviser og ei rekkje blad og tidsskrift i lydutgåve.
Du vel sjølv om du vil lese dei digitalt i appen eller på Min side, eller få dei tilsendt på CD i posten.
Alle avisene og dei fleste tidsskrifta blir produserte med talesyntese. Det gjer at dei er klare raskt, slik at du kan lese dei mens dei er ferske. Les om talesyntese og høyr stemmene vi bruker.
Du kan enkelt navigere mellom delar, artiklar og sider. Merk at lydavisene er baserte på avisene si artikkeldatabase og kan avvike noko frå den trykte avisa.
Aviser vi tilbyr:
Trykk på titlane for å lese meir om avisene og låne dei.
Magasin gitt ut av CP-foreininga. Inneheld aktuelt stoff knytt til cerebral parese og liknande nevrologiske diagnosar. Fire nummer per år. Talesyntese.
Friluftsmagasin som inspirerer til å kome seg ut i norsk natur. Beskriv turar og aktivitetar på fjellet, i skogen og langs kysten. Seks nummer per år. Talesyntese.
Bladet tek opp tema som barn si utvikling, fødslar, graviditet, barnehagar og skule. Tidsskriftet gir òg nyttig informasjon om trygdeordningar og offentleg støtte til foreldre. Seks nummer per år. Talesyntese.
Handikapnytt tek opp tema som involverer ulike side av kvardagen til funksjonshemma. Sentrale emne er lover og rettar, forsking, hjelpemiddel som påverkar funksjonshemma sin moglegheit til samfunnsdeltaking. Seks nummer per år. Talesyntese.
Familieblad som inneheld artiklar om menneske, helse, mat, interiør, motar og hobby. I tillegg er det noveller, føljetongar og historier frå verkelegheita. 64 nummer per år. Talesyntese.
Tidsskrift med fokus på oppdagingar og ny kunnskap. Har artiklar om alt frå ny teknologi og medisinske framskritt til romfart og genforsking. 20 nummer per år. Talesyntese.
Medlemsblad gitt ut av Retinitis Pigmentosa Foreningen i Noreg. Foreininga ønsker å spreie informasjon om augesjukdommen Retinitis Pigmentosa. Fire nummer per år. Talesyntese.
Samtiden er Noregs største og eldste allmennkulturelle tidsskrift. Det er eit leiande medium for politikk og kultur i Noreg og presenterer eit breitt spekter av tema, skribentar og sjangrar for å skildre og analysere vår eiga samtid. Seks nummer per år. Talesyntese og punktskrift.
Eit av Noregs eldste allmennkulturelle tidsskrift og ein aktiv premissgivar i det breie offentlege ordskiftet. For kulturinteresserte i alle samfunnslag. Kjem ut 4 gongar i året. Talesyntese.
Noregs Blindeforbunds medlemsblad formidlar historiene og erfaringane til medlemmane. Du får vite kva som skjer i Blindeforbundets fylkeslag, får tips om hjelpemiddel, teknologinyheiter og oversikt over kurs- og aktivitetar. Seks nummer per år. Talesyntese.
Medlemsblad gitt ut av Norges Parkinsonforbund. Tema Parkinson belyser ulike sider ved Parkinsons sjukdom med artiklar om forsking, prosjekt og intervju med menneske som lever med parkinsonisme eller er pårørande. Fire nummer per år. Talesyntese.
Reisemagasin med reportasjar om storbyferiar, ukjende perler og draumereiser. Reportasjar og lesarbrev om alle typar reiser. Ti nummer per år. Talesyntese.
Bladet for jegerar, sportsfiskarar og friluftsfolk. Tidsskriftet gir deg reportasjar, stemningsrapportar, tips og informasjon om jakt, fiske, naturvern, våpen, jakthundar og utstyr. 12 nummer per år. Talesyntese.
Magasin med aktualitets-reportasjar, populærvitskap, sport, bil, båt, MC, teknologi, humor, erotikk, politikk og økonomi. 64 nummer per år. Talesyntese.