Aviser og tidsskrift
Vi tilbyr avisene Aftenposten, Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Klassekampen som lydaviser. Du kan òg abonnere på blad og tidsskrift i lydutgåve. Her får du ei oversikt.

Vel om du vil abonnere på digitale utgåver som du får rett i appen eller Min side, eller om du ønsker å få CD tilsendt i posten.
Alle avisene og dei fleste tidsskrifta blir produserte med talesyntese. Slik blir dei raskt ferdige og kan lesast mens dei er ferske.
Les om talesyntese og høyr stemmene vi bruker her.
Du kan enkelt navigere mellom delar, artiklar og sider i både aviser og tidsskrift.
Lydavisene er baserte på avisene sin artikkeldatabase og kan avvike noko frå den trykte avisa.
Aviser og tidsskrift vi tilbyr:
Aftenposten

Dagsavis som blir gitt ut i Oslo. Talesyntese.
Bergens Tidende

Dagsavis som blir gitt ut i Bergen. Talesyntese.
Stavanger Aftenblad

Dagsavis som blir gitt ut i Stavanger. Talesyntese.
Klassekampen

Riksdekkande dagsavis som blir gitt ut i Oslo. Talesyntese.
Klar tale

Klar Tale er ein norsk lettlese-avis. Avisa prøver å gjere nyheitene forståelege for alle. Språket er enkelt, og bokstavane er større enn i andre aviser. Talesyntese og punktskrift.
Blikk

Blikk er Nordens eldste magasin for homofile, lesbiske, bifile og transpersonar. 12 nummer per år. Talesyntese.
CP-bladet

Magasin gitt ut av CP-foreininga. Inneheld aktuelt stoff knytt til cerebral parese og liknande nevrologiske diagnosar. Fire nummer per år. Talesyntese.
Fjell og vidde

Friluftsmagasin som inspirerer til å kome seg ut i norsk natur. Beskriv turar og aktivitetar på fjellet, i skogen og langs kysten. Seks nummer per år. Talesyntese.
Foreldre og barn

Bladet tek opp tema som barn si utvikling, fødslar, graviditet, barnehagar og skule. Tidsskriftet gir òg nyttig informasjon om trygdeordningar og offentleg støtte til foreldre. Seks nummer per år. Talesyntese.
Handikapnytt

Handikapnytt tek opp tema som involverer ulike side av kvardagen til funksjonshemma. Sentrale emne er lover og rettar, forsking, hjelpemiddel som påverkar funksjonshemma sin moglegheit til samfunnsdeltaking. Seks nummer per år. Talesyntese.
Helsemagasinet vitskap og fornuft

Helsemagasinet formidlar vitskap og fakta innan helse, ernæring, psykologi, trening, læring, utvikling, politikk og miljø. Bladet ser på korleis vi kan leve optimalt og med best mogleg helse. Sju nummer per år. Talesyntese.
Historie (Aftenposten)

Magasin frå Aftenposten som gir deg innsikt i både Noregs- og verdshistoria. Les om dei store hendingane som endra verda, men òg om dei små augeblinkane som har påverka korleis vi lever i dag. 12 nummer per år. Talesyntese.
Hjemmet

Familieblad som inneheld artiklar om menneske, helse, mat, interiør, motar og hobby. I tillegg er det noveller, føljetongar og historier frå verkelegheita. 64 nummer per år. Talesyntese.
I Form

Tidsskrift med fokus på trening, kosthald, sunn vekt, velvære og aktiv fritid. 20 nummer per år. Talesyntese.
Illustrert vitenskap

Tidsskrift med fokus på oppdagingar og ny kunnskap. Har artiklar om alt frå ny teknologi og medisinske framskritt til romfart og genforsking. 20 nummer per år. Talesyntese.
Innsikt (Aftenposten)

Magasin med utvalde artiklar frå Aftenpostens publikasjonar, utanlandske innsiktsmedium og gjesteskribentar. 12 nummer per år. Talesyntese.
Kapital

Tidsskrift med aktuelle nyheiter og reportasjar om norsk og internasjonal økonomi. 22 nummer per år. Talesyntese.
LNT-nytt

Medlemsblad gitt ut av Landsforeningen for Nyrepasienter og Transplanterte — LNT. Fire nummer per år. Talesyntese.
Mat fra Norge

Eit magasin som tek for seg norsk mat og norske råvarer. Inneheld oppskrifter, intervju og meldingar, og dessutan tips om lokale eldsjeler som produserer mat med særpreg. 12 nummer per år. Talesyntese.
Norsk Tidend

Norsk Tidend er medlemsbladet til Noregs Mållag. Kjem ut fem gongar i året. Talesyntese.
Psykisk helse

Bladet inneheld nytt fagstoff, forsking, erfaringar, reportasjar, intervju, kommentarar og litteratur om psykisk helse. Fem nummer per år. Talesyntese og punktskrift.
RP-nytt

Medlemsblad gitt ut av Retinitis Pigmentosa Foreningen i Noreg. Foreininga ønsker å spreie informasjon om augesjukdommen Retinitis Pigmentosa. Fire nummer per år. Talesyntese.
Samtiden

Samtiden er Noregs største og eldste allmennkulturelle tidsskrift. Det er eit leiande medium for politikk og kultur i Noreg og presenterer eit breitt spekter av tema, skribentar og sjangrar for å skildre og analysere vår eiga samtid. Seks nummer per år. Talesyntese og punktskrift.
Spesialpedagogikk

Eit tidsskrift som inneheld fagartiklar, forskingsartiklar, kronikkar, debattstoff og bokmeldingar innan fagområdet. Seks nummer per år. Talesyntese.
Syn og segn

Eit av Noregs eldste allmennkulturelle tidsskrift og ein aktiv premissgivar i det breie offentlege ordskiftet. For kulturinteresserte i alle samfunnslag. Kjem ut 4 gongar i året. Talesyntese.
Synspunkt

Noregs Blindeforbunds medlemsblad formidlar historiene og erfaringane til medlemmane. Du får vite kva som skjer i Blindeforbundets fylkeslag, får tips om hjelpemiddel, teknologinyheiter og oversikt over kurs- og aktivitetar. Seks nummer per år. Talesyntese.
Tema Parkinson

Medlemsblad gitt ut av Norges Parkinsonforbund. Tema Parkinson belyser ulike sider ved Parkinsons sjukdom med artiklar om forsking, prosjekt og intervju med menneske som lever med parkinsonisme eller er pårørande. Fire nummer per år. Talesyntese.
Vagabond reiselyst

Reisemagasin med reportasjar om storbyferiar, ukjende perler og draumereiser. Reportasjar og lesarbrev om alle typar reiser. Ti nummer per år. Talesyntese.
Villmarksliv

Bladet for jegerar, sportsfiskarar og friluftsfolk. Tidsskriftet gir deg reportasjar, stemningsrapportar, tips og informasjon om jakt, fiske, naturvern, våpen, jakthundar og utstyr. 12 nummer per år. Talesyntese.
Vi menn

Magasin med aktualitets-reportasjar, populærvitskap, sport, bil, båt, MC, teknologi, humor, erotikk, politikk og økonomi. 64 nummer per år. Talesyntese.
Vi over 60

Magasin som inneheld stoff om pensjonsreglar, kvardagsøkonomi, juridiske spørsmål, helse og velvære, reiser og kulturstoff. 12 nummer per år. Innlest.