Fakta om Tibi

Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur er ei bibliotekteneste frå Nasjonalbiblioteket som lagar og låner ut tilrettelagd litteratur. Tilbodet er offentleg og landsdekkande.

Tibi logoikon med prikker og streker

Samfunnsoppdraget

Fleire hundretusen menneske i Noreg har nedsett syn, dysleksi eller andre funksjonsnedsettingar som kan gjere det vanskeleg å lese visuell tekst og papirbøker. Tibi skal bidra til at menneske som har lesevanskar, kan delta i samfunnet på linje med andre. Vi jobbar for eit samfunn der alle har tilgang til litteratur og informasjon.

Tilbodet

Tibi produserer og låner ut lydbøker, e-bøker og bøker i punktskrift. Vi har bøker for barn, ungdom og vaksne. Tilbodet omfattar studielitteratur for studentar på universitet, høgskule og fagskule.

Det er gratis for målgruppa å bruke tilbodet.

Vi samarbeider nasjonalt og internasjonalt med andre produsentar av tilrettelagd litteratur.

Sjå presentasjonsvideoen som fortel om Tibi og kva vi gjer.

Organisering

Tenesta Tibi driftast av tilsette i avdelinga tilrettelagd litteratur i Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket er underlagd Kultur- og likestillingsdepartementet og får mål for verksemda og krav til rapportering i det årlege tildelingsbrevet frå departementet. 

Historikk

I mai 2024 bytte Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) namn til Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur. Året før gjekk NLB frå å vere ei eiga verksemd til å bli avdeling for tilrettelagd litteratur i Nasjonalbiblioteket. Oppdraget og tilbodet blei vidareført som ei teneste frå Nasjonalbiblioteket.

Universell utforming av litteratur

Vi samarbeider med dei nordiske søsterbiblioteka våre om å legge til rette for universell utforming av litteratur. Her kan du lese den felles erklæringa vår.