Brukarråd for Tibi
Brukarrådet gir innspel til utvikling og evaluering av Tibi sine tenester og skal bidra til at tilrettelagd litteratur er relevant, tilgjengeleg og brukarvennleg for alle målgrupper.

Formål
Brukarrådet skal bidra til at Nasjonalbibliotekets arbeid med tilrettelagd litteratur er relevant, tilgjengeleg og brukarvennleg for alle målgrupper.
Rådet skal vere eit rådgivande organ som gir innspel til utvikling, testing og evaluering av tenester, format og formidlingsstrategiar.
Mandat
Brukarrådet skal:
- Gi innspel til prioriteringar og utviklingsområde innanfor tilrettelagd litteratur.
- Gi råd i spørsmål om universell utforming, format (lyd, e-bok, punktskrift, enkel tekst) og teknologi.
- Formidle erfaringar og behov frå eigne brukar- og fagmiljø.
- Bidra til dialog mellom Nasjonalbiblioteket, brukarar, organisasjonar og samarbeidspartnarar.
- Gi årleg rapport eller oppsummering av innspel til leiinga i avdelinga.
Nasjonalbibliotekaren oppnemner rådet. Organisasjonane foreslår medlemmer. Rådet blir oppnemnt for fire år om gongen.
Samansetning
Brukarrådet skal ha følgande samansetning:
- To brukarrepresentantar for synshemma og blinde, inkludert éin ungdomsrepresentant, foreslått av Norges Blindeforbund.
- To brukarrepresentantar for personar med lese- og skrivevanskar/dysleksi, inkludert éin ungdomsrepresentant, foreslått av Dysleksi Norge.
- To brukarrepresentantar for personar med ADHD, inkludert éin ungdomsrepresentant, foreslått av ADHD Norge.
Brukarrådet blir leia av avdeling for bibliotektenester i Nasjonalbiblioteket.