Notar i punktskrift

Vi tilbyr eit stort utval musikknotar i punktskrift. Viss ikkje vi har det du treng, kan vi produsere notar til deg.

Notar i punktskrift, visuelle notar og piano


Treng du noko vi ikkje har? Då kan vi produsere notar til deg. Send oss bestillinga di i skjemaet nedanfor. Vi gir deg beskjed om vi kan skaffe eller produsere det du ber om. Studentar vil bli prioriterte, og det er nokre avgrensingar i kva tilpassingar vi kan gjere. Du finn meir informasjon i bestillingsskjemaet.

Produksjon av musikknotar i punkt

Vi skaffar nota dersom den allereie er produsert i punktskrift. Viss ikkje, set vi i gang ein nyproduksjon. Tibi samarbeider med andre land for å finne eksisterande og produsere nye notar. Vi låner ikkje inn fysiske eksemplar frå andre bibliotek. Produksjonstida vil variere. Send bestillinga i god tid og minimum 6 veker før leveringsfrist. Studentar vil bli prioriterte. Du får tilbakemelding på forventa leveringstid.

Standard oppsett for punktskriftnotar

Vi følger anbefalingane frå OUP for musikk i punktskrift. Notane blir sett takt over takt, viss du ikkje ber om noko anna. Sideoppsettet følger ein internasjonal standard. Vanlegvis bruker vi 40 celler per linje og 26 linjer per side (breitt format).

Bruk dette skjemaet for å bestille: