Abonner på tekstar i punktskrift
Bli medlem i ein av punktklubbane våre og få tilsendt utvalde tekstar i punktskrift kvar månad. Vel om du vil ha enkel eller open linjeavstand. Vi har klubbar både for vaksne og barn.

Punktklubbar for vaksne
- Novelleklubben: Norske og omsette noveller, både nyheiter og klassikarar
- Diktklubben: Eit lite utval dikt med varierande tema
- Matklubben: 4–5 freistande matoppskrifte
Punktklubbar for barn
Fire gongar i året sender vi ut ei pakke med taktilt innhald tilpassa alderen til barnet. Vi har tre klubbar for barn:
- 1.–3. klasse
- 4.–5. klasse
- 6.–7. klasse