Punktskrift

Tibi har eit stort utval bøker i punktskrift for barn, ungdom og vaksne. Vi har bøker i alle sjangrar og sender dei som hefte i posten.

Hender på en punktskriftbok

Vi produserer det du vil lese

Er det noko du ønsker å lese i punktskrift som du ikkje finn i samlinga vår? Send oss ønsket ditt! Vi produserer bøker både i fullskrift og i kortskrift nivå 1 (liten), nivå 2 (normal) og nivå 3 (utvida). Vi kan òg produsere engelske bøker i punktskrift.

Send oss ein e-post med bokønsket ditt.

Nye punktskriftbøker

Fersk punktskriftlesar?

Vi har punktskriftbøker til deg som ønsker lesetrening. Nybegynnarar vil gjerne starte med open linjeavstand. Du kan òg få andre tilpassingar. Vi kan for eksempel ta bort stor bokstav-teikn, orddeling og uthevingar i teksten.

Sei ifrå korleis du ønsker boka. Ta kontakt viss du vil ha hjelp til å finne bøker som passar lesenivået ditt og interessene dine.

Lese bildebøker for sjåande barn

For punktskriftlesarar som vil lese for sjåande barn, har vi interfolierte bøker. Dette er vanlege bildebøker som har gjennomsiktige folieark med punktskrift mellom boksidene. 

Les bildebøker for sjåande barn med punktskrift på gjennomsiktige folieark mellom boksidene. (Foto: Tibi)

Korleis låne bøker i punktskrift?

Registrerte punktskriftlånarar kan låne punktskriftbøker på nett, e-post eller telefon. Skular kan låne til elevar.

Bøker i punktskrift blir leverte gratis som hefte. Bøker på 1—2 hefte blir leverte i postkassa, mens større sendingar blir leverte på døra. Hefta skal ikkje returnerast.

Utruleg flott og veldig viktig at vi kan få bøkene vi ønsker oss i punktskrift. Eg har begynt å lære punktskrift, og eg er overtydd om at det blir nyttig for meg, både i jobb og på fritida.

Mann (42) med synshemming
Barnehender som leser punktskrift

Abonner på tekstar i punktskrift

Bli medlem i ein av punktklubbane våre og få tilsendt utvalde tekstar i punktskrift kvar månad. Vi har klubbar både for vaksne og barn.

Notar i punktskrift, visuelle notar og piano

Notar i punktskrift

Vi tilbyr eit stort utval musikknotar i punktskrift. Viss ikkje vi har eller kan skaffe det du treng, kan vi produsere notar til deg.