Til bruk på nettsider, intranett eller andre relevante stader. Tilpass etter behov!
Forslag 1: Om Tibi
Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur
Tibi er ei teneste frå Nasjonalbiblioteket som lagar og låner ut tilrettelagd litteratur. Alle som strevar med å lese visuell tekst, kan låne lydbøker, e-bøker og punktskriftbøker hos Tibi.
Stort og variert utval
Tibi har bøker for barn, ungdom og vaksne. Vel blant tusenvis av titlar i alle sjangrar. Elevar kan også låne skulelydbøker via Tibi.
Kven kan låne?
Dysleksi og andre lesevanskar, ADHD, kognitive utfordringar eller nedsett syn kan vere det som gir lesevanskar og lånerett hos Tibi.
Enkel tilgang på nett og mobil
Elevane kan låne og lytte til bøkene på mobil og nettbrett med Tibi-appen. Nettsida gir også god oversikt over utvalet.
Korleis melde inn elevar?
Tibi og Statped samarbeider om innmelding og utlån. Skulen melder inn elevar som treng skulelydbøker, hos Statped. Då blir dei også lånarar hos Tibi og kan låne begge stader med same lånarnummer.
Kontakt
www.tibi.no
E-post: tibi@nb.no
Telefon: 22 06 88 10 (kl. 10-14)
Forslag 2: Kortare om Tibi
Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur
Tibi er ei teneste frå Nasjonalbiblioteket som lagar og låner ut tilrettelagd litteratur. Alle som strevar med å les visuell tekst, kan låne lydbøker, e-bøker og punktskriftbøker hos Tibi.
Tibi har bøker i alle sjangrar for barn, ungdom og vaksne. Lån digitalt og lytt med mobil og nettbrett.
Dysleksi og andre lesevanskar, ADHD, konsentrasjonsvanskar eller nedsett syn kan vere det som gir lesevanskar og lånerett. Tibi og Statped skulelydbok samarbeider om innmelding og utlån.