Til bruk på nettsider, intranett eller andre relevante stader. Tilpass etter behov!
Forslag 1: Om Tibi
Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur
Tibi er ei teneste frå Nasjonalbiblioteket som lagar og låner ut tilrettelagd litteratur. Alle som strevar med å lese visuell tekst og trykte bøker, kan låne lydbøker, e-bøker og punktskriftbøker hos Tibi.
Stort og variert utval
Tibi har bøker for barn, ungdom og vaksne. Vel blant tusenvis av titlar i alle sjangrar, og aviser og tidsskrift i lydutgåve. Lånarar med sterk synshemming kan få produsert bøker til utdanning og arbeid.
Enkel tilgang på nett og mobil
Finn og lån bøker på nettsida eller i Tibi-appen. Der får du oversikt over nye bøker og kan finne nyheiter og boktips. Viss du ikkje kan lytte digitalt, kan du få lydbøker tilsende på CD og få hjelp på telefon.
Kven kan låne?
Alle som har utfordringar med å lese, kan søke om lånerett hos Tibi. Nedsett syn, dysleksi, ADHD, kognitive utfordringar eller funksjonsnedsettingar som gjer det vanskeleg å halde ei bok, kan vere det som gir lesevanskar og lånerett.
Bruk søknadsskjemaet på nettsida.
Kontakt
www.tibi.no
E-post: tibi@nb.no
Telefon: 22 06 88 10 (kvardagar kl. 10-14)
Forslag 2: Om Tibi – kortare versjon
Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur
Tibi er ei teneste frå Nasjonalbiblioteket som lagar og låner ut tilrettelagd litteratur. Alle som strevar med å lese visuell tekst, kan låne lydbøker, e-bøker og punktskriftbøker hos Tibi.
Tibi har bøker i alle sjangrar for barn, ungdom og vaksne. Lån digitalt og lytt med mobil og nettbrett, eller få CD tilsend i posten.
Forslag 3: Om Tibi – veldig kort
Når du har liten plass og gjerne saman med eit bilete.
Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur
Tusenvis av lydbøker til alle som strevar med å lese
www.tibi.no