Fagrådet er avslutta
Fagrådet for Tibi er avvikla frå 2026. Eit nytt råd for Nasjonalbiblioteket og eit nytt brukarråd for Tibi er under etablering.

Fagrådet for Tibi blei utnemnt av Kultur- og likestillingsdepartementet for perioden 2021–2024, og seinare forlenga til utgangen av 2025. Rådet er no avslutta.
Dette heng saman med at Tibi no er ein del av Nasjonalbiblioteket. I staden blir det etablert eit nytt råd for Nasjonalbiblioteket og eit eige brukarråd for Tibi. Begge er under etablering.
Råda skal bidra med brukarperspektiv og faglege innspel i arbeidet med tilrettelagd litteratur.