Stemmen i øyret: Møt Julie Sofie Reite

Julie Sofie Reite (25) er fersk innlesar hos NLB, og har nettopp fullført den andre prøveboka si. Høyr henne fortelje om sitt nære forhold til lydbøker.

Sjå video med Julie Sofie Reite

Kvifor blei du innleser for NLB?

– Eg har alltid likt veldig godt å høyre på lydbok. Heilt sidan eg var liten har eg pleidd å sovne til lydbok. Eg hadde òg ein bestefar som var blind, og synest det er utruleg meiningsfylt å lese inn bøker spesielt for folk som ikkje kan tileigne seg visuell tekst.

Korleis var det å lese inn prøvebok hos NLB?

– Den første prøveboka eg las inn var Vente på vind av Oskar Kroon, som rørte meg veldig. Den skildrar det å vere ungdom på ein utruleg sår, morosam og smart måte. Det siste kapittelet rørte meg til tårer kvar einaste gong eg las det. Då eg skulle lese det inn i studio var eg nervøs for om eg skulle klare å halde meg i skinnet, men det gjekk overraskande fint.

Korleis forbereder du deg når du skal lese inn ei ny bok?

– Eg begynner med å lese gjennom heile boka for å få eit overblikk over karakterane og handlinga. Deretter undersøker eg om det er noko eg må gjere ekstra research på, som spesielle ord eller uttalar eg må lære meg. Den andre prøveboka eg las inn var Lausgjengar av den japanske forfattaren Fumiko Hayashi. Her var det mange japanske namn, stadar og spesielle matrettar. Det var ekstra krevjande å lære riktig uttale på alle orda!

Er det ein sjanger eller bok du har følt spesielt slektskap til?

– Vente på vind følte eg ein spesiell slektskap til – den boka gav meg masse. Eg kjem frå ein avsidesliggande plass sjølv, kor ein må klare å finne glede i sine eigne ting.

Julie Sofie Reite leser inn lydbok i studio.
GLAD I LYDBOK: Julie Sofie Reite fortel at ho har høyrt på lydbøker heile livet.

Korleis ser ein typisk arbeidsdag ut for deg?

– Her på NLB bruker eg mykje tid på å gjere meg kjent med boka før eg går i studio. I tillegg er eg frilans skodespelar, dansar og songar – så eg bruker mykje tid på å gå på auditions, danseklassar, songtimar og øvingar.

Høyrer du sjølv på lydbøker?

– Eg har høyrt på lydbok heile livet. Spesielt når eg ryddar, vaskar, syklar eller går ute. Når eg ikkje høyrer på musikk, eller det er heilt stille, høyrer eg på lydbok. Det gir meg ein slags tryggleik. Det er varmt og nært å høyre på nokon andre si stemme. Perfekt viss ein berre vil slappe av, sone ut og leve seg inn i ei anna verkelegheit.

Har du ei morosam historie frå studio?

– Kvar dag i studio er ein fest! For eksempel boka eg les inn nå: Det har skjedd ein teknisk feil i programmet som har gjort om «fi» til «u», så fisk blir til «usk» og fint blir «unnt». Det er veldig morosamt viss ein er inne i ein lang harang av noko, så dukkar plutseleg desse absurde orda opp! Det har eg mora meg mykje med. 

Har du eit boktips du vil dele med lånarane våre?

– Maja Lunde sine bøker Bienes historie, Blå og Przewalskis hest er tre av mine største favorittar. Eg liker veldig godt kjensla av verkelegheit som strukturen i bøkene gir. Bøkene er delte opp slik at vi følger ulike familiar i ulike tidsepokar. Ein i fortid, ein i «notid», og ein i ei tenkt framtid. Alle gir oss eit innblikk i natur-, relasjons- og samfunnsendringane som går føre seg i samtida deira. I slutten av boka smyg historiene seg saumlaust saman på eit finurleg vis som gjer at det heile blir enda nifsare. Bøkene peikar på kva som kan skje med naturen om vi fortset slik vi gjer nå og ikkje endrar praksis. Eg synest dei er vanvittig godt skrive, men får òg grøsningar fordi det er så mykje som stemmer med tida vi lever i nå. Eg gru-gleder meg til å lese den nyaste boka «Draumen om eit tre»!