Tibi

Finn bøker
Forside Nyhetsarkiv Slik melder du inn elevar og gir dei bøker til skule og fritid

Slik melder du inn elevar og gir dei bøker til skule og fritid

Mange skular er usikre på korleis dei skal melde inn og låne bøker til elevane. Her fortel vi korleis det skal gjerast.

Ung gutt med hodetelefoner leser på nettbrett.
Elevane kan låne både skjønnlitteratur og skulebøker med same lånarnummer. (Foto: Shutterstock)

Tibi og Statped produserer begge tilrettelagd litteratur. Statped lagar skulebøker og Tibi lagar skjønnlitteratur. Vi samarbeider om innmelding og utlån for å gi elevane eit breiare litteraturtilbod.

Elevar blir lånarar i Tibi via Statped

  • Skular skal registrere elevar på Statpeds nettsider.
  • Da blir eleven lånar både hos Statped og Tibi og får eitt felles lånarnummer.
  • Eleven kan låne bøker frå både Statped (skulebøker) og Tibi (skjønnlitteratur) og kan bruke tilgangen til skule- og fritidslesing.

For å bli lånar, må du ha vanskar med å lese visuell tekst på grunn av nedsett syn, dysleksi eller andre lesevanskar.

Statped produserer bøker på bestilling frå skular med blinde og sterkt svaksynte elevar. Alle registrerte elevar kan låne bøkene.

Fire barn leser bøker i bibliotek
Ikkje berre lærebøker: Med Tibi kan fleire bli inkluderte i leseaktivitetane på skulen. (Foto: Shutterstock)

Kvifor skal skular kjenne til Tibi?

Når elevane er melde inn via skulen/Statped, er dei lånarar hos Tibi heile livet og kan bruke det som sitt folkebibliotek. Det er nyttig for både skulen og føresette å vite at i tillegg til lærebøker frå Statped, kan elevane låne romanar, faktabøker, noveller og bøker på engelsk frå Tibi.

Lurer du på noko? Vi har samla nyttig informasjon på hjelp-sida.