Telefonen hos Tibi er stengt vesle julaftan og i romjula. Kontakt oss i god tid viss du vil ha hjelp til å låne bøker.

Endra telefontider i jula
Skal du lese i jula og treng hjelp av oss til låne bøker? Ver klar over at opningstidene er endra i juledagane:
- 23. desember til 1. januar: Telefonen er stengt
- 2. januar: Telefonen er open frå kl. 10 til 12
- Frå måndag 5. januar: Vanleg opningstid kl. 10 til 14
Bøker i posten tek tid
Bøker på CD og i punktskrift tek tid å få dit du vil ha dei. Hugs at dei både skal skrivast ut og bli pakka før dei skal sendast – saman med all annan julepost som er på veg i desember.
Dei digitale bøkene er alltid tilgjengelege i appen og på nettsida. Eit tips som kan sikre lesegleda: Last ned bøkene!
Tibi ønsker alle lånarar ei god jul!