Forside Nyhetsarkiv Ny løysing på lån og retur av bildebøker med punktskrift 

Ny løysing på lån og retur av bildebøker med punktskrift 

Dei interfolierte bøkene våre har blitt flytta frå Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana til Oslo. Vi håper det vil løyse problema vi har hatt med utsending og retur av desse bøkene. 

Interfolierte bøker på et bord
BETRE KONTROLL: Nå sender vi dei interfolierte bøkene frå kontoret vårt i Oslo. (Foto: Tibi)

Lån og send tilbake

Interfolierte bøker blir sende i posten med sporing til Post i butikk/postkontor. Det følger med ein retursetel som du bruker når bøkene skal returnerast. Lånetida er fem veker frå du får boka. Du kan forlenge fristen viss det ikkje er venteliste.

Kven er interfolierte bøker for? 

Ei interfoliert bok er ei vanleg bildebok som har gjennomsiktige folieark med punktskrift mellom boksidene. Bøkene er berekna på 

  • punktskriftlesarar som vil lese for barn som ser
  • blinde studentar/skuleelevar som skal ha praksis i skule eller barnehage
  • blinde barn som les punktskrift

Samlinga vår blir utvida med ein til to interfolierte bøker i året. Vi tar gjerne imot lånarønske viss det er titlar du ønsker deg.