Lydbokbiblioteket vårt, i dag kjend som Tibi, fyller 70 år. I samband med jubileet inviterer Nasjonalbiblioteket til foredrag om korleis lydboka har gått frå hjelpemiddel for nokre få til allemannseige.

Bli med på markeringa
24. september tar Kari Spjeldnæs oss med på ei reise gjennom lydbokas historie med klassiske opplesingar og teknologisk utvikling. Du kan komme til Nasjonalbiblioteket i Oslo eller følgje foredraget digitalt.
Her starta Tibi si historie
Det heile byrja for 70 år sidan da Blindeforbundet etablerte lydbokbiblioteket for medlemmane sine. I den nye historieboka deira Blind stolthet står det:
«En innsamlingsaksjon i midten av 1950-årene innbrakte rundt en million kroner, noe som gjorde det mulig å opprette et lydbokbibliotek med det som den gang kaltes «talende bøker». Blindeforbundet lånte ut magnetofoner til medlemmene, og mange fikk økonomisk støtte til å kjøpe båndopptaker.»
Frå privat til offentleg
I 1989 tok Staten over biblioteket frå Blindeforbundet og etablerte Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB). Den gongen var tilbodet berre for menneske med synsnedsetjing og favna både bøker i punktskrift og lydbøker.
I åra som følgde, blei målgruppene gradvis utvida. Først fekk studentar med dysleksi tilgang til studielitteratur. Etter kvart kunne alle som strevde med å lese, bli lånarar – enten det var nedsett syn, dysleksi, ADHD eller andre funksjonsnedsetjingar som gjorde lesing vanskeleg. Talet på lånarar steig jamt.
Samanslåing med Nasjonalbiblioteket
I 2023 gjekk NLB frå å vere ei eiga verksemd til å bli ei teneste frå Nasjonalbiblioteket. Tilbodet heldt fram som før og lånarane var dei same. Målet med samanslåinga var å gjere tenesta sterkere og Nasjonalbiblioteket til eit bibliotek for alle.
Namneendring
Kort tid etter samanslåinga endra NLB namn frå Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek til Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur. Med nytt namn og ny profil er biblioteket betre rusta til å ivareta og møte behova til den mangfaldige lånargruppa si.
Tibi i dag
I 2025 er Tibi eit moderne digitalt bibliotek som tilbyr lydbøker, e-bøker og punktskriftbøker – for barn, ungdom og vaksne. Samlinga inneheld skjønnlitteratur og sakprosa, men du finn óg studiebøker, følebøker, aviser og tidsskrift.
Kven Tibi er om 70 år er vanskeleg å seie – men vi håper du blir med oss vidare!
Lydbokbiblioteket på 1–2–3
- 1950-talet: Blindeforbundet oppretta lydbokbiblioteket.
- 1989: Staten tok over, Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) blei etablert.
- 2023: NLB blei ein del av Nasjonalbiblioteket.
- 2024: NLB fekk nytt namn: Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur.