Opningstider i sommar

Ta kontakt i god tid om du vil ha hjelp av oss til å låne bøker i sommar. Tibi-telefonen er stengd 13.–31. juli.

Ung jente med hodetelefoner og t-skjorte i baksetet av en bil. Hun smiler og ser ut av vinduet.
Sørg for å ha bøkene klare til ferien – enten du skal lese heime, på stranda eller i bilen. (Foto: Shutterstock)

Mange bestiller bøker om sommaren. Dei fleste fiksar sjølv i appen og på nett, men vi får òg fleire bestillingar på telefon og e-post. Planlegg i god tid, så får du bøkene du vil ha og hjelpa du treng.

Opningstider på telefon

  • 6.–10. juli: Telefonen er open kl. 10–12.
  • 13.–31. juli: Telefonen er stengd.

Du kan kontakte oss på e-post, men ver klar over at det kan ta lenger tid enn vanleg å få svar.

Bøker i posten tek tid

Hugs at bøker på CD og i punktskrift skal skrivast ut, pakkast og sendast. Rekn òg med tid til postgangen.

Vi ønsker deg ein god sommar med mange gode leseopplevingar!