Ta kontakt i god tid om du vil ha hjelp av oss til å låne bøker i sommar. Tibi-telefonen er stengd 13.–31. juli.

Mange bestiller bøker om sommaren. Dei fleste fiksar sjølv i appen og på nett, men vi får òg fleire bestillingar på telefon og e-post. Planlegg i god tid, så får du bøkene du vil ha og hjelpa du treng.
Opningstider på telefon
- 6.–10. juli: Telefonen er open kl. 10–12.
- 13.–31. juli: Telefonen er stengd.
Du kan kontakte oss på e-post, men ver klar over at det kan ta lenger tid enn vanleg å få svar.
Bøker i posten tek tid
Hugs at bøker på CD og i punktskrift skal skrivast ut, pakkast og sendast. Rekn òg med tid til postgangen.
Vi ønsker deg ein god sommar med mange gode leseopplevingar!