Notar i punktskrift

Vi tilbyr eit stort utval musikknotar i punktskrift. Viss ikkje vi har det du treng, kan vi produsere notar til deg.

Notar i punktskrift, visuelle notar og piano


Treng du noko vi ikkje har? Då kan vi produsere notar til deg. Send oss bestillinga di i skjemaet nedanfor. Vi gir deg beskjed om vi kan skaffe eller produsere det du ber om. Studentar vil bli prioriterte, og det er nokre avgrensingar i kva tilpassingar vi kan gjere. Du finn meir informasjon i bestillingsskjemaet.

Standard oppsett for punktskriftnoter

Vi følger anbefalingane frå OUP for musikk i punktskrift. Notane blir sett takt over takt, viss du ikkje ber om noko anna. Sideoppsettet følger ein internasjonal standard. Vanlegvis bruker vi 40 celler per linje og 26 linjer per side (breitt format).

Bruk dette skjemaet for å bestille: