Vilkår for innmelding (nynorsk)

Når du melder deg inn som låner hos Tibi, samtykkjer du til desse vilkåra.

Mann i solnedgangen med hodetelefoner

Kven har lånerett

Alle som har vanskar med å lese trykt tekst og vanlege bøker på grunn av funksjonsnedsetting eller sjukdom, kan melde seg inn i Tibi.

Årsaker kan til dømes vere:

  • svekt syn som ikkje lèt seg korrigere med briller
  • dysleksi og andre lesevanskar
  • ADHD
  • fysisk funksjonsnedsetting som gjer det vanskeleg å lese ei bok (til dømes CP, ME
  • og Parkinson)
  • kognitive utfordringar og/eller språkvanskar på grunn av sjukdom eller skade

Tilbodet gjeld ikkje for minoritetsspråklege, unntatt om du har ein lesevanske, som skildra over. Alle som har vansker med å lese trykt tekst og vanlige bøker på grunn av funksjonsnedsettelse eller sykdom, kan melde seg inn i Tibi.

Mellombels lånerett

Du kan søkje om mellombels lånerett viss du har ein sjukdom eller ein skade som gjer at du har behov for lydbøker i ein avgrensa periode.

Studentar som søker om produksjonsrett

Studentar med svekt syn som søker om produksjonsrett, må legg ved dokumentasjon frå augelege eller synspedagog. Sjå kriteria her.

Barn og unge

Foreldre/føresette fyller ut innmeldingsskjemaet for barn og ungdom under 18 år. Dei bekreftar òg at barnet har lånerett og samtykker til innmeldinga i det digitale skjemaet.

Vi kan be om dokumentasjon

Tibi vil kunna be om at du dokumenterer lesevanskane dine dersom det er usikkerheit om vilkåra er oppfylte. Vi tar også stikkprøver.

Viss vi ber om dokumentasjon, send oss attest frå ein relevant fagperson, til dømes lege, sjukepleiar, ergoterapeut, optikar eller synskontakt.

  • lærar
  • PPT-tilsatt
  • lege
  • sjukepleiar
  • ergoterapeut
  • optikar
  • synskontakt

Vilkåra over er laga med utgangspunkt i åndsverklova § 55 og 56. Lova opnar for at Tibi kan lage lydbøker til personar med funksjonsnedsettingar utan å innhente samtykkje frå rettshavaren.

Lånereglar

Tibis bøker er berre til eige bruk. Du må ikkje kopiere eller distribuere dei vidare.

  • Lydbøkene er merkte slik at dei kan sporast tilbake til deg som lånar.
  • Ulovleg kopiering er straffbart og kan føre til at du mistar retten til å låne frå Tibi.
  • Lånetida er 28 dagar. Lån boka på nytt viss du ønskjer å forlengje lånetida.
  • Når låneperioden er over, skal bøkene kastast, eventuelt slettast om dei er lasta ned til PC.
  • Følebøker og innbundne punktskriftbøker skal du returnere til Tibi.
  • Punktskriftbøker i hefteform kan du behalde.
  • Tibi lagrar lånehistorikken din. Ønskjer du å slette historikken, kan du gjere det i Min side. Les meir om lånehistorikk og personvern i Tibi på tibi.no/om-tibi/personvern.
  • Gi oss beskjed om endringar i kontaktopplysingane dine viss du for eksempel flyttar eller får ny e-postadresse.
  • Du har plikt til å gi oss melding dersom du ikkje lenger har behov for tilrettelagde bøker og ikkje oppfyller krava for lånerett.