Vilkår for innmelding (nynorsk)

Når du melder deg inn som lånar hos Tibi, godkjenner du desse vilkåra.

Mann i solnedgangen med hodetelefoner

Kven har lånerett?

Alle som har vanskar med å lese visuell tekst og trykte bøker på grunn av funksjonsnedsetting eller sjukdom, kan søke om å bli lånar hos Tibi.

Årsaker til nedsett leseevne kan vere:

  • svekt syn som ikkje lèt seg korrigere med briller
  • dysleksi og andre lesevanskar
  • ADHD
  • fysisk funksjonsnedsetting som gjer det vanskeleg å halde og bla i ei bok (til dømes CP, ME og Parkinson)
  • kognitive utfordringar og/eller språkvanskar på grunn av sjukdom eller skade

Tibi sitt tilbod er ikkje for dei som vil ha lydbøker for å øve seg i norsk. Lånerett krev dokumenterte lesevanskar, ikkje berre utfordringar med eit nytt språk.

Mellombels lånerett

Du kan søke om mellombels lånerett viss du har ein sjukdom eller ein skade som gjer at du har behov for tilrettelagde bøker i ein avgrensa periode.

Studentar som søker om produksjonsrett

Studentar med svekt syn som søker om produksjonsrett, må legg ved dokumentasjon frå augelege eller synspedagog. Sjå kriteria her.

Barn og unge

Foreldre/føresette fyller ut søknadsskjemaet for barn og ungdom under 18 år. Dei bekreftar òg at barnet har lånerett og samtykker til innmeldinga.

Dokumentasjon og stikkprøver

Vi kan be om dokumentasjon på lesevanskane dine viss det er usikkert om du oppfyller vilkåra for lånerett. Vi tar også stikkprøver.

Viss vi ber om dokumentasjon, sender du attest som stadfestar lesevansken frå ein relevant fagperson. Relevant fagperson kan vere:

  • lærar
  • PPT-tilsatt
  • lege
  • sjukepleiar
  • ergoterapeut
  • optikar
  • synskontakt


Vilkåra tek utgangspunkt i åndsverkslova § 55 og 56. Lova opnar for at Tibi kan lage lydbøker til personar med funksjonsnedsettingar utan å innhente samtykke frå rettshavaren.