Lånereglar for Tibi

Det er gratis å låne bøker frå Tibi, men som lånar samtykkjer du til Nasjonalbibliotekets lånereglar for Tibi.

  • Tibi sine bøker er berre til eige bruk. Dei må ikkje kopierast eller distribuerast vidare. Lydbøkene er merkte slik at dei kan sporast tilbake til deg som lånar.
  • Ulovleg kopiering er straffbart og kan føre til at du mistar retten til å låne frå Tibi.
  • Lånetida er 28 dagar. Lån boka på nytt viss du ønskjer å forlengje lånetida.
  • Når låneperioden er over, skal bøkene kastast, eventuelt slettast om dei er lasta ned til PC. Følebøker og innbundne punktskriftbøker skal returnerast til Tibi.
  • Punktskriftbøker i hefteform kan lånar behalde.
  • Tibi lagrar lånehistorikken din. Ønskjer du å slette historikken, kan du gjøre det i Min side. Les meir om personvern.
  • Gi oss beskjed om endringar i kontaktopplysningane dine viss du for eksempel flyttar eller får ny e-postadresse.
  • Du har plikt til å gi oss melding dersom du ikkje lenger har behov for tilrettelagde bøker og ikkje oppfyller krava for lånerett.