Lånereglar for Tibi

Som lånar samtykker du til Nasjonalbiblioteket sine lånereglar for Tibi.

  • Tibi sine bøker er berre til eige bruk. Dei må ikkje kopierast eller distribuerast vidare. Lydbøkene er merkte slik at dei kan sporast tilbake til deg som lånar.
  • Ulovleg kopiering er straffbart og kan føre til at du mistar retten til å låne frå Tibi.
  • Lånetida er 28 dagar. Lån boka på nytt viss du ønskjer å forlengje lånetida.
  • Når lånetida er utløpt, gjer du følgande:
    • Slett lydbøker og e-bøker du har lasta ned.
    • Kast CD-ar i restavfallet.
    • Send følebøker tilbake til Tibi.
    • Kast punktskrifthefter i papiravfallet. 
  • Tibi lagrar lånehistorikken din. Ønsker du å slette historikken, kan du gjere det i Min side. Les meir om personvern i Tibi på tibi.no/personvern.
  • Gi oss beskjed om endringar i kontaktopplysningane dine viss du for eksempel flyttar eller får ny e-postadresse.
  • Du har plikt til å gi oss melding dersom du ikkje lenger har behov for tilrettelagde bøker og ikkje oppfyller krava for lånerett.