Tibi

Finn bøker
Forside Nyhetsarkiv Frå magnetofon til mobil-app: Lydbokbiblioteket er 70 år!

Frå magnetofon til mobil-app: Lydbokbiblioteket er 70 år!

Lydbokbiblioteket vårt, i dag kjend som Tibi, fyller 70 år. I samband med jubileet inviterer Nasjonalbiblioteket til foredrag om korleis lydboka har gått frå hjelpemiddel for nokre få til allemannseige.

Todelt bilde med magnetofon og telefon med Tibi-appen.
Frå spoleband til skjerm: På 1950-talet måtte lydbøker spelast av på ein magnetofon. I dag får du heile biblioteket på mobilen med Tibi-appen. (Foto: Wikipedia/Shutterstock)

Bli med på markeringa

24. september tar Kari Spjeldnæs oss med på ei reise gjennom lydbokas historie med klassiske opplesingar og teknologisk utvikling. Du kan komme til Nasjonalbiblioteket i Oslo eller følgje foredraget digitalt.

Her starta Tibi si historie

Det heile byrja for 70 år sidan da Blindeforbundet etablerte lydbokbiblioteket for medlemmane sine. I den nye historieboka deira Blind stolthet står det:

«En innsamlingsaksjon i midten av 1950-årene innbrakte rundt en million kroner, noe som gjorde det mulig å opprette et lydbokbibliotek med det som den gang kaltes «talende bøker». Blindeforbundet lånte ut magnetofoner til medlemmene, og mange fikk økonomisk støtte til å kjøpe båndopptaker.»

Frå privat til offentleg 

I 1989 tok Staten over biblioteket frå Blindeforbundet og etablerte Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB). Den gongen var tilbodet berre for menneske med synsnedsetjing og favna både bøker i punktskrift og lydbøker.

I åra som følgde, blei målgruppene gradvis utvida. Først fekk studentar med dysleksi tilgang til studielitteratur. Etter kvart kunne alle som strevde med å lese, bli lånarar – enten det var nedsett syn, dysleksi, ADHD eller andre funksjonsnedsetjingar som gjorde lesing vanskeleg. Talet på lånarar steig jamt.

Samanslåing med Nasjonalbiblioteket 

I 2023 gjekk NLB frå å vere ei eiga verksemd til å bli ei teneste frå Nasjonalbiblioteket. Tilbodet heldt fram som før og lånarane var dei same. Målet med samanslåinga var å gjere tenesta sterkere og Nasjonalbiblioteket til eit bibliotek for alle. 

Namneendring

Kort tid etter samanslåinga endra NLB namn frå Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek til Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur. Med nytt namn og ny profil er biblioteket betre rusta til å ivareta og møte behova til den mangfaldige lånargruppa si.

Tibi i dag

I 2025 er Tibi eit moderne digitalt bibliotek som tilbyr lydbøker, e-bøker og punktskriftbøker – for barn, ungdom og vaksne. Samlinga inneheld skjønnlitteratur og sakprosa, men du finn óg studiebøker, følebøker, aviser og tidsskrift.

Kven Tibi er om 70 år er vanskeleg å seie – men vi håper du blir med oss vidare!

Lydbokbiblioteket på 1–2–3

  • 1950-talet: Blindeforbundet oppretta lydbokbiblioteket.
  • 1989: Staten tok over, Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) blei etablert.
  • 2023: NLB blei ein del av Nasjonalbiblioteket.
  • 2024: NLB fekk nytt namn: Tibi – Biblioteket for tilrettelagd litteratur.