Mange skular og føresette er usikre på korleis dei skal melda inn og låna bøker til elevane. Her fortel me korleis det skal gjerast.
Tibi og Statped produserer begge tilrettelagd litteratur. Statped lagar skulebøker og Tibi lagar skjønnlitteratur. Me samarbeider om innmelding og utlån for å gi elevane eit breiare litteraturtilbod.
Elevar blir lånarar i Tibi via Statped
- Skular skal registrera elevar på Statpeds nettsider.
- Då blir eleven lånar både hos Statped og Tibi og får eitt felles lånarnummer.
- Eleven kan låna bøker frå både Statped (skulebøker) og Tibi (skjønnlitteratur) og kan bruka tilgangen til skule- og fritidslesing.
For å bli lånar, må du ha vanskar med å lesa visuell tekst på grunn av nedsett syn, dysleksi eller andre lesevanskar.
Kvifor skal skular kjenna til Tibi?
Når elevane er melde inn via skulen/Statped, er dei lånarar hos Tibi heile livet og kan bruka det som sitt folkebibliotek. Det er nyttig for både skulen og føresette å vita at i tillegg til lærebøker frå Statped, kan elevane låna romanar, faktabøker, noveller og bøker på engelsk frå Tibi.
Lurer du på noko? Vi har samla nyttig informasjon på hjelp-sida.