Lånereglar for Tibi
Som lånar samtykker du til Nasjonalbiblioteket sine lånereglar for Tibi.
- Tibi sine bøker er berre til eige bruk. Dei må ikkje kopierast eller distribuerast vidare. Lydbøkene er merkte slik at dei kan sporast tilbake til deg som lånar.
- Ulovleg kopiering er straffbart og kan føre til at du mistar retten til å låne frå Tibi.
- Lånetida er 28 dagar. Lån boka på nytt viss du ønskjer å forlengje lånetida.
- Når lånetida er utløpt, gjer du følgande:
- Slett lydbøker og e-bøker du har lasta ned.
- Kast CD-ar i restavfallet.
- Send følebøker tilbake til Tibi.
- Kast punktskrifthefter i papiravfallet.
- Tibi lagrar lånehistorikken din. Ønsker du å slette historikken, kan du gjere det i Min side. Les meir om personvern i Tibi på tibi.no/personvern.
- Gi oss beskjed om endringar i kontaktopplysningane dine viss du for eksempel flyttar eller får ny e-postadresse.
- Du har plikt til å gi oss melding dersom du ikkje lenger har behov for tilrettelagde bøker og ikkje oppfyller krava for lånerett.