Kven kan få produsert studielitteraturen sin?
Nasjonalbiblioteket får gjennom årlege budsjettvedtak i Stortinget i oppgåve å medverke til å sikre eit godt læringsmiljøet for studentar med synshemming gjennom å skaffe, leggje til rette og produsere studielitteratur. Kriteria nedanfor seier kven som har rett til produksjon og kva vi kan tilby.
Kriterium for rett til produksjon av studielitteratur
§ 1 Formål
Nasjonalbiblioteket skal skaffe, leggje til rette og produsere studielitteratur for synshemma studentar og dermed medverke til å sikre denne gruppa lik rett til høgare utdanning.
§ 2 Studietilbod som er omfatta av ordninga
Nasjonalbiblioteket kan produsere studielitteratur til studentar med synshemming på universitets- og høgskolenivå og på fagskolar. Studia må gi rett til lån hos Statens lånekasse for utdanning. Studentar med synshemming som er tekne opp på eit doktorgradsstudium, er òg omfatta av ordninga.
§ 3 Kriterium for produksjonsrett
Kriteria som Nasjonalbiblioteket legg til grunn for produksjonsrett, er i samsvar med føresegnene om synsevne i lov om folketrygd kapittel 10.
Hovudkriteriet for rett til produksjon er at visusfunksjonen er redusert til 6/18 (0,33) på beste auget med beste korreksjon.
Visusfunksjonen er hovudkriteriet, men synsfunksjonen må sjåast på som ein totalfunksjon der visus er eitt av fleire element. Sjølv om visusfunksjonen er betre enn 6/18, kan det saman med andre synsdefektar eller svake delfunksjonar, for eksempel nedsett kontrastsyn og adapsjonsevne for lys/mørke, gi synsproblem. Når slike spesielle forhold er dokumenterte / sannsynleggjorde, kan produksjonsrett innvilgast sjølv om visus er betre enn 6/18.
Nasjonalbiblioteket vil i tilfelle der det er tvil om søkjaren oppfyller kriteria for produksjonsrett, leggje fram dokumentasjon frå augelege eller synspedagog for synsfagleg ekspertise ved Statped søraust, fagavdeling syn. Vi bruker så vurderinga frå Statped som støtte for å vurdere om produksjonsrett kan innvilgast.
§ 4 Krav til dokumentasjon
Søknaden om produksjonsrett i Nasjonalbiblioteket skal omfatte
A) dokumentasjon frå augelege, optikar eller synspedagog – dei sakkunnige utsegnene bør innehalde medisinske opplysningar der det er oppgitt diagnose, prognose, visus med beste korreksjon og eventuelle andre medisinske opplysningar som kan verke inn, jf. § 3
B) stadfesting frå lærestaden om opptak, jf. § 2
§ 5 Kva kan produserast
Produksjonsretten er avgrensa til å omfatte produksjon av litteratur knytt til dei kursa studenten skal gjennomføre. Studenten må, i samarbeid med lærestaden, lage ei prioritert litteraturliste. Omfanget av litteraturlista (som må førast opp i talet på pensumsider) må vere i samsvar med kor mange studiepoeng kurset gir. Lista må snarast mogleg sendast til Nasjonalbiblioteket.
For at studenten skal få produsert relevant litteratur i tide, er det avgjerande med ein god dialog mellom student, lærestad og Nasjonalbiblioteket. Litteraturlister som blir prioriterte og avklarte med Nasjonalbiblioteket seinare enn éin månad etter semesterstart, kan ein ikkje rekne med at blir ferdigproduserte same semester.
Eit atterhald er at Nasjonalbiblioteket i sjeldne tilfelle må avvise spesielle produksjonsønske. Det kan for eksempel vere produksjonar som krev ein spesialkompetanse som ikkje er tilgjengeleg, eller produksjonar som viser seg å vere for ressurskrevjande.
Dersom heile eller delar av den aktuelle studielitteraturen finst produsert i eigna medium i samarbeidande bibliotek, vil Nasjonalbiblioteket skaffe ein kopi derfrå. Dette inneber at studenten kan bli nøydd til å akseptere for eksempel ei svensk innlesing.
Nasjonalbiblioteket tek normalt ikkje på seg å produsere små artiklar og tekstar.
§ 6 Val av medium
Ved nyproduksjonar kan studenten velje medium: lyd, blindeskrift eller elektroniske bøker. Om ein tittel er produsert tidlegare, må studenten akseptere boka i den forma ho allereie eksisterer i, såframt studenten kan nyttiggjere seg mediet boka finst i.
Ved val av lyd som medium vil Nasjonalbiblioteket velje om leveransen skal gjerast som innlesen produksjon eller ved hjelp av talesyntese.
§ 7 Klagerett
Nasjonalbibliotekets vedtak om produksjonsrett for studielitteratur er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Studentar som har søkt om produksjonsrett i Nasjonalbiblioteket og fått avslag, har derfor rett til å klage på avgjerda, jf. forvaltningslova kapittel VI.
Fristen for å klage er tre veker frå det tidspunktet beskjeden om vedtaket er kommen fram til studenten.
Klaga blir send til Nasjonalbiblioteket. Dersom Nasjonalbiblioteket held på det opphavlege vedtaket, sender studenten klaga til Kulturdepartementet for behandling.