Tibi junior – leseappen for barn

NB! 1. desember blir Tibi junior avvikla. Tibi junior er appen for barn med dysleksi og andre lesevanskar frå 8 til 12 år.

Jente med hodetelefoner bak en pc

Frå 1. desember 2025 sluttar vi med denne appen. Barn som har brukt Tibi junior, kan bruke Tibi-appen i staden for.
Les meir om app-bytet.

Tibi junior er for barn som er lånarar hos Tibi. Han er gratis, og du loggar inn med lånarnummer og PIN-kode. Appen passar for barn frå 8 til 12 år med dysleksi, ADHD eller andre leseutfordringar. Han har pedagogiske verktøy spesielt tilpassa målgruppa.

Tibi junior-logo med dragen

Kva får du i Tibi junior?

Leseappen inneheld lydbøker, lydbøker med tekst og e-bøker. Du får:

  • tusenvis av gode barnebøker, spesielt valt ut av bibliotekarane våre
  • bøker tilpassa lesenivå
  • lesestøtte – som hjelp til uttale, linjefokus og moglegheit til å endre skriftstørrelse, linjeavstand og fargar
  • spelelement med påskjønning som gjer det gøy å lese

Les og spel

Barna får ein heilt eigen drage dei skal passe på. Jo meir dei les, jo meir veks og utviklar draken seg. Utfordringar og påskjønning motiverer til å lese meir.

Det går an å konkurrere med andre barn som bruker appen, men det er frivillig. Mange liker best å lese åleine og blir motiverte av eigne prestasjonar.

Video om Tibi junior: Appen som kan gi meistring, motivasjon og lesestøtte.

Last ned Tibi junior

Du kan bruke appen på mobil og nettbrett og finn han i Google Play eller App Store: