Døden i Venezia - og to andre noveller

Inngår i serie: Skalds klassikarar

Kvar av dei tre novellene i denne boka er rekna som meisterverk innanfor novellekunsten. Her utforskar Thomas Mann samfunnet, menneskepsyken, kjærleiken og kjønnsidentitet. Døden i Venezia (1911) er Manns mest lesne novelle, og er eit av dei mest refererte verka i seinare litteratur, film og teater. Ho tematiserer forfallets estetikk, og korleis dragninga mot det vakre kan føre til undergang. Tonio Kröger (1903) er ein sjølvbiografisk kunstnarroman i miniatyr. Mario og trollmannen (1930) skildrar ein hypnosekunstnar som manipulerer menneska med talekunst – eit litterært varskurop frå 1930 med skremmande aktualitet i dag.