Vener av Bernhard
Annemarie Schwarzenbach (1908-1942) var blant dei første forfattarane som våga å skrive skeiv litteratur og fekk svært god mottaking i si tid. Romanen «Vener av Bernhard» er ei reise tilbake til dei frie 1920-åra der alt verkar å blomstre, medan det ulmar under overflata. I romanen møter vi unge Bernhard, som er elska av venene rundt seg. Han er mild og god og ein inspirasjon for dei meir eksentriske, meir eller mindre knekte personlegdommane omkring han. Vi følgjer den unge kunstnarvenegjengen gjennom Europa - fristadar for kunstnarar og dei som samtida såg på som avvikarar. Schwarzenbach skriv fram eit miljø der kjønnsroller går i oppløysing og menneske står friare i møta med kvarandre.