Kanelbutikkane - og andre forteljingar

Bruno Schulz (1892-1942) blir rekna som ein av dei fremste polske forfattarane i det tjuande hundreåret. Forutan nokre enkeltståande noveller, brev og kritikkar, gav han berre ut to verk medan han levde. Den særeigne stilen og forteljemåten til Schulz har blitt samanlikna med Franz Kafka og Marcel Proust og har påverka polske forfattarar heilt fram til i dag. «Kanelbutikkane og andre forteljingar» skildrar det jødiske miljøet i den no ukrainske byen Drohobytsj, sett frå barndommen til forfattaren og med faren Jakub som midtpunkt. Utvalet i boka består av 15 noveller frå den originale samlinga «Kanelbutikkane» (1934) i tillegg til «Undula», ei tidleg novelle gitt ut under pseudonym.