Motstraums
Inngår i serie: Senterpartiets historie 1920-2000 (2)Fra forlagets omtale: Denne boka handlar om Senterpartiet gjennom gode og dårlege tider frå namnebytet i 1959 til regjeringa Bondeviks fall våren 2000. I denne perioden vart Senterpartiet radikalt endra ved ei lang rekkje små endringar i organisasjonen, i det politiske interessefeltet og i dei ideologiske synsmåtane. Desse endringane kom som fylgje av ein endringsstrategi frå partielitane, men sentrale samfunnsendringar som urbaniseringa og bruksnedlegginga i jordbruket var viktige pådrivarar. Forfattaren fylgjer partiet i organisatorisk og politisk-ideologisk utvikling, maktstrategi og praktisk politikk gjennom framgangstida til tidleg på 1970-talet, den fylgjande krisetida fram til inngangen av 1990-åra og gjennom dei turbulente 1990-åra. Slik kjem også dei indre spenningane og konfliktane i partiet fram.