Eit verkeleg liv : roman
Liv har flytta til Oslo, ho jobbar som tilkallingsvikar i radiohuset på Marienlyst, studerer litt, bur i eit skittent, folksamt kollektiv. Ho er tidleg i tjueåra og full av håp for livet. Idun er eldre, høgreist, sjølvsikker, og den første kvinna Liv er kjærast med. Hos Idun er alt på plass, gjennomtenkt, nydeleg, det luktar lavendel og sitron på badet, ved og eld i kjøkkenet. Det er ein god stad å vera - heilt til det ikkje er det lenger.