Ida i Italia - roman

Kva gjer ein når ein ikkje finn plassen sin nokon stad, ikkje eingong i sin eigen kropp? Ida leiter hos den nye naboen, som er bilethoggar, ho leiter i verkstaden hennar, i huset hennar i Italia. Ho leiter i det framande språket, i smakane og luktene, i vinen som ho blandar ut med vatn. Og ho leiter i ei marmorblokk, søkjer etter ei kvinneform i den harde steinen. Idas italienske reise skal setja djupe spor i den unge jenta. Ida i Italia er eit portrett av kunstnaren som ung kvinne, ein klassisk danningsroman i ei stram og moderne form.