Kvalitetsvurdering som organisasjonslæring : når skole og skoleeigar utviklar kunnskap - når skole og skoleeigar utviklar kunnskap

Fra forlagets omtale: Kva skal til for at kvalitetsvurdering skal stimulere til organisasjonslæring på den enkelte skole? Kan kommunar og fylke bli meir solide skoleeigarar gjennom aktiv bruk av nasjonale prøver, elevundersøkingar, tilstandsrapportar og statlege tilsyn? Korleis unngår ein at kvalitetsarbeidet blir eit ritual som i liten grad fører til betre undervising og læring? Dette er sentrale spørsmål i denne boka, som rettar søkelys mot kvalitetsdiskursen både nasjonalt og internasjonalt.