Far levde, og så var han død : ei bok om traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimebrenning og umåla furu

Landbruksmekanikaren Tor Hatterud kom frå generasjonar av praktiske menn, gard- og skogbrukarar og husmenn i Veldre i Ringsaker. Han skrudde alltid, hadde hender fulle av sår og merke, gjekk milevis på ski, snakka gamalmodig veldredialekt og viste kjærleik gjennom å vaske bil. Sonen Bjørn er alt anna enn nevenyttig. Han er ein homofil og funksjonshemma akademikar som jobbar i kulturfeltet i hovudstaden. Kven var far til Bjørn? Og kva skjedde då faren døydde? Tor mista først kontroll over venstre foten. For første gong gjekk faren like sakte som den haltande sonen, og ein annleis samtale mellom far og son starta. Dette er ei forteljing om ein far som var ein heilt vanleg mann, og om liv og død.