Vi har alltid budd på slottet : roman
Det har gått seks år sidan den tragiske hendinga som tok livet av nesten heile familien Blackwood. I skjul frå resten av landsbygda puslar Constance i hagen og kjøkkenet, onkel Julian arbeider med papira sine, og Merricat grev ned sølvmyntar i bekken og kviskrar magiske ord i mørket som vern mot vonde blikk. Då fetter Charles uventa dukkar opp, blir tryggleiken deira truga. Merricat er villig til å gjere kva som helst for å verne søstera og heimen, og hindre at gamle løyndommar kjem fram i lyset. Vi har alltid budd på slottet er eit hypnotisk, urovekkjande meisterverk, rekna som ein av dei viktigaste og mest innflytelsesrike gotiske romanane i moderne tid.