Doggerland

I den mektige Høst-familien har forlagsverksemd vore livsgrunnlaget i generasjonar. No er det tid for eit skifte. Matriark og forleggar Myrna Høst nærmar seg pensjonsalder og samlar familien på ei isolert øy. Medan dei to barna hennar posisjonerer seg for å ta over, står redaktør og svigerdotter Edda i utkanten av maktkampen. Ho er meir innvoven i familieløyndomane enn nokon anar. Når det dukkar opp eit manuskript som trugar med å avsløre alt, er det duka for eit klaustrofobisk oppgjer i havgapet.