Mi høgre hand - vegen mot ein identitet som funksjonshemma
Inngår i serie: Norsk røyndomMi høgre hand er ei tankevekkande og innsiktsfull bok som utfordrar gjengse oppfatningar om funksjonshemming. Mone Celin vart fødd med ein sjeldan tilstand som gjer at høgrehanda hennar er mindre enn den venstre. Her deler ho si forteljing om å vekse opp i ei lita nordvestlandsbygd utan å identifisere seg som «funksjonshemma». Gjennom eigne røynsler og andre sine haldningar og blikk på henne vart ho gradvis meir bevisst på plassen blant dei 20 prosentane av befolkninga som går under paraplyen funksjonshemma, verdas største minoritet. Skrede skriv ope og varmt om korleis ho har navigert i livet sitt, og korleis ho har funne styrke i å vere ein del av «rørsla».