Voksbarnet - roman

Den ugifte adelskvinna Christenze Kruckow blir skulda for trolldom og må flykta frå Fyn til Nordjylland. I Ålborg finn ho seg til rette i krinsen rundt vakre Maren Kneppis, ei gruppe kvinner som arbeider og festar saman. Men snart blir Christenze innhenta av trolldomsryktet sitt og lyt innsjå at ikkje berre ho, men også dei nye venninnene hennar står i fare for å enda på bålet. Den sentrale skuldinga mot Christenze rettar seg mot det magiske voksbarnet ho skal ha laga. Det er denne dokka som no tar ordet for å fortelja om skjebnen til desse kvinnene. Voksbarnet er eit portrett av ein skjør fellesskap, eit innblikk i ein magisk kvardag og ei skremmeleg forteljing om ein hekseprosess basert på ei rekke verkelege hendingar frå 1600-talets Nordjylland.