Raudt, svart - roman

Raudt, svart er Jon Fosses debutroman frå våren 1983. Det handlar om ein gymnasiast i ei vestlandsbygd. Han bur på hybel, spelar gitar, skulkar og gjer opprør mot foreldra og alt dei står for. Det er ei sår og medrivande skildring av nokre avgjerande dagar i livet til ein angstridd unggut. Fosse var 23 år gammal og student i Bergen då Raudt, svart kom ut. Debutromanen sette tonen for mykje av det som seinare skulle komme i forfattarskapen hans.