Full bajas - roman

Orion Sigerstad er perfekt. Så perfekt at han ikkje har brukt viskelêr i heile sitt liv, for han skriv aldri feil. Og han spelar fløyte så perfekt at han kjem til å bli tidenes yngste elev ved Makelaus musikkonservatorium. Han må berre få vist det på den store konserten i morgon! Men på konsertdagen vaknar Orion og er blitt heilt bajas. Kva er det som går av han? Og går det an å fikse det i tide til den viktige konserten?