Sceneskifte - roman
Kjærasten til Alex har slått opp med ho utan forklaring. Alex blir mobba av dei andre jentene i klassen fordi ho er skeiv, og samstundes må ho førebu seg til den første konserten med bandet sitt. Når alt ser som mørkast ut, begynner det ein ny gut i bandet. Mika har tjukt, mørkt hår, holete jeans og spelar bass som ein gud. I tillegg ser han ut til å vere interessert i Alex. Men kvifor blir Alex interessert i Mika, ho liker jo jenter? Kva er det eigenleg som gjer Mika så sjølvsikker? Tør Alex i det heil tatt ta sjansen på forelske seg att? Dette er ein forteljing som på truverdig måte tematiserer forelsking, seksualitet og kjønnsroller. Forteljing for ungdomstrinnet.Omtalen er utarbeidet av BS.