Arbeidarhjerte - roman
Arbeidarhjerte 2 er ei utviding og forlenging av forteljinga om Trond: ein middelaldrande mann frå Namsos som ikkje kjenner seg sjølv eller landet han kjem frå igjen. Det er forteljinga om eit fall, og om ein mogleg veg tilbake. Trond prøver å få livet på rett kjøl igjen. Han søker ny jobb, prøver å reparere forholdet til kona, og dottera har blitt sjuk. Samstundes ser han tilbake - han prøver å forstå seg sjølv og samfunnet han er ein del av, han prøver å finne si eiga forteljing.