Norsk kjærleik - dikt

Ein sterk og gripande oppfølgjar til kritikarroste Kvit, norsk mann. Var Brynjulf eit barn som blei selt på tvers av landegrenser? Kan han likevel vere glad for at han blei kjøpt til Norge? For alt han vil er å vere ein del av landet han har vakse opp i, erkjenne det vonde, men også sjå det vakre. Samstundes med at Kvit, norsk mann kom ut, dukka det opp avsløringar om problematiske sider ved adopsjonsindustrien. Desse avsløringane rokkar ved sjølvbildet og identiteten for mange adopterte, også for Brynjulf Jung Tjønn. Sjølv om ein er fødd i eit anna land og med mørk hudfarge, så vil ein likevel berre høyre til. Men kven har Brynjulf vore? Kven skal han vere eller bli? Kva vil det seie å vere norsk?