Konfirmant - Konfirmantheftet til Fjell, Foldnes og Landro kyrkjer

I handa di held du konfirmantheftet til Fjell, Foldnes og Landro kyrkjer. Dette heftet vil følgje deg gjennom konfirmantåret. Her finn du korte tekstar til å lese, plass til å skrive ned dine eigne tankar, oppgåver å løyse og mange små ”drypp” frå Bibelen. Samlingane i kyrkja er meint til å gi deg ei oversikt og sette ting i samanheng. For vi kan ikkje gjere meir enn å gi ein smaksprøve av alt det den kristne trua inneheld. Bibelen, Jesus, trua di – dette er noko du kan studere eit heilt liv og framleis finne noko nytt. Eg håpar at konfirmantåret kan vere eit godt og viktig steg på denne vegen. At du får ord til å uttrykkje trua di, redskap som gjer at du kan finne ut meir på eiga hand, erfaringar som gjer at kyrkja blir ein plass du kjenner deg heime i og gode opplevingar du kan ta med deg vidare i livet. Men aller mest at du blir betre kjent med Jesus. Han som elska deg så høgt at han døydde og stod opp for di skuld. Med ønske om eit strålande konfirmantår!