Paulus` første brev til korintarane - Bibelen, nynorsk utgåve
Paulus var vakse opp i ein jødisk familie i Tarsus, på grensa mellom den jødiske og den greske kulturen. Han forkynte at også heidningar kunne høyra til i Guds folk, gjennom trua på Jesus. Han møtte hard motstand, både frå jødar og heidningar, men heldt fast på den fridommen og stoltheita som trua på Jesus gir. Breva er skrivne på 50- og 60-talet e.Kr. Paulus grunnla sjølv kyrkja i Korint. Og i dette første brevet til Korint skriv Paulus om korleis livet i forsamlinga skal vera, fordi han har fått meldingar derfrå som har gjort han bekymra. Kilde: Konfirmantbibelen, Bibelveiviser (c) Bibelselskapet 2022