Daniel - Bibelen, nynorsk utgåve

Daniel blir rekna til dei profetiske bøkene i bibelen. Daniel er ein av to apokalyptiske profetbøker. Apokalypse betyr openberring av noko som er skjult. Daniel er ein av jødane som vart førte til Babylon. Han får ei leiarstilling ved hoffet på grunn av evna si til å tyde drøymar. Men han må kjempe for å halde fast på trua og ikkje svikte Gud. Kva skjer når den unge Daniel blir ein farleg motstandar for mektige menn? Kilde: Konfirmantbibelen, Bibelveiviser (c) Bibelselskapet 2022