Steinalderen - 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong
Ein ti tusen år gammal tyggis!? Hadde dei snop i steinalderen? Korleis var det eigentleg å vere barn i Noreg då? I denne boka får du bli med 10 000 år tilbake i tid, heilt tilbake til slutten av istida då steinalderen begynte i Skandinavia. Du får høyre om steinhoggarskular, om å bu oppå søpla si og om den gongen da ei monsterbølgje raserte norskekysten.